EIN SONG OM OMTANKE


MEL.: CLEMENTINE


Livet var så godt å leve
om einkvar på våres veg,
smilande kom oss i møte:
"Eg veit noko godt om deg."
Men så sei det,
så eg veit det.
Dagen får litt meir kulør.
Du må leve, mens du gjer det,
du må vise at du tør.


Om ein ber deg om å hjelpe,
så sei ja og ikkje nei.
Det bur noko godt i alle,
nokon håper no på deg.
Men så sei det,
så eg veit det.
dagen får litt meir kulør.
Du må leve mens du gjer det,
du må vise at du tør.


Gløym så ikkje desse orda
heilt i dagens hurlumhei.
Du veit noko godt om andre.
Eg veit noko godt om deg.
Og eg sei det,
så du veit det.
Dagen får litt meir kulør.
Vi må leve mens vi gjer det,
vi må vise at vi tør.

Back

Home

Aase Margrete 2006